Vegard Haraldsson Veivåg

Sceneteknikar, scenemeister – og scenehand

Vegard Haraldsson Veivåg er ein erfaren sceneteknikar, som sidan 2005 har gått vegen frå scenehand til ansvarleg teknikar. Han byggjer scener på festivalar i sumarhalvåret og gjer det som trengs av scenearbeid i diverse kulturhus og teater i Bergensområdet på vinteren.

Sjølv seier han: – Eg klatrar, trekk tau, heng inndekning og scenografi, gjer og mottek ordre, køyrer gaffeltruck, personløftar – og forestillingar. Føretrekk konsertar, teater og opera frå side- og bakscenen og tar stor glede i å vere ein del av det usynlege apparatet som skapar opplevingar for folk. Eg jobbar etter filosofien om at det beste samarbeidet kjem ut av god stemning og gjer mitt for å skape og bevare ho på alle jobbar, i regn eller opplett.