Tone Marie Aardal

TV-fotograf og lystekniker

Tone er utdanna medieingenør frå UIS, med eit ekstra år på Nye Media frå UIB. Ho jobbar som fleirkamerafotograf og har sidan 2009 arbeidd med både små og store produksjonselskap. I tillegg jobbar Tone som AV-avvikler hos fleire lokale eventbyrå.

Tone er svært fotballinteressert og har derfor stor gleda av jobben som TV-fotograf kvar helg på Viking- og Sandnes Ulf stadion.

I tillegg er det konsertar, reality og diverse sportsarrangement som ishockey og handball som står på timeplanen, og om vinteren er det skisport. Februar 2014 tok ho derfor turen til Sochi for å filme skiskytinga i vinter-OL.