Linda Børnes

Kulturarbeidar, impresario og sceneprodusent

Gjennom samarbeid med ei rekke produsentar og artistar innan musikk og scene har Linda fått nytta si dragning mot systematikk og mønstre med den evige inspirasjonen som ligg i dei kreative kreftene. Sjølv kallar ho seg eit typisk mattehovud og utdanna realfagslærar og seier at det kanskje ikkje var det mest opplagte at ho skulle ende som kulturarbeidar. Men fascinasjonen og interessen for det skapande har alltid dradd henne mellom desse universa. Og dei siste ti åra har ho funne ein måte å kombinere det på.

Ambisjonen er først og fremst å ha det gøy på jobb, "…og viss eg i tillegg kan sleppe å smøre meg matpakke... ja, då kan eg ikkje be om noko meir", seier Linda.