Finn Tokvam

Fra journalist til humorist – og musikar

Finn Tokvam er journalist, musikar og forfattar. Han er busett i Bergen, der han jobbar som journalist og humorist i NRK, mellom anna i programpostane Radio Røynda og P.I.L.S. (Populærmusikk Ispedd Litt Sladder). Han er òg spaltist i Bergens Tidende og vokalist i populærorkesteret Finn Erix.

Finn leverer tekstar, held kåseri, intervjuar, leiar og underheld på konferansar, årsmøter, festmiddagar og julebord. Dette gjer han åleine, men også saman med populærorkesteret Finn-Erix, eller i duosamarbeid med Tarjei Strøm, Olav Stedje, Bård Ose, Ragnar Hovland, Frode Grytten, Claus Sellevoll m.fl.

Tokvam debuterte som forfattar i 2005, saman med kollega Halvor Folgerø, med romanen Tyl.